Ytreøstfoldsk
Heilt i sør finn ein det området som blir kalla vikværsk etter det gamle Viken, området ikring Oslofjorden (gammalnorsk Vík og Víkin i bestemt form). Til vikværsk høyrer dialektane i Østfold, Vestfold, nedre Telemark, nedre Buskerud og dei søraustlege bygdene av Aust-Agder.
Innanfor Østfold fylke vil ein kunna gjera ei todeling av dialektane:
- indreøstfoldsk (eller aust-vikværske jamvektsmål)
- ytreøstfoldsk (eller ytre vikværske e-mål).
Målet i Ytre Østfold skil seg nokså markant frå målet lenger nord i fylket ved at ein i sør finn e-mål.
Dialektgrensene i fylket i dag går nokolunde i aust-vest retning:
- Til indreøstfoldsk høyrer Rødenes, Trøgstad, Eidsberg (med Mysen), Askim, Skiptvet, Spydeberg, Hobøl, Våler, Moss (med Jeløya) og Rygge.
- Til ytreøstfoldsk høyrer folkemålet i Halden, Idd, Aremark, Øymark, Berg, Sørvest-Skjeberg og Hvaler.
- Området i midten av fylket blir ofte karakterisert som eit overgangsområde innanfor dei østfoldske dialektane, ofte kalla mellomøstfoldsk. Til dette overgangsområdet høyrer Rakkestad, Degernes, Varteig, Tune, Rolvsøy, Råde, Onsøy, Glemmen, Kråkerøy og folkemålet i Sarpsborg og Fredrikstad.
Bort med diftongene!
I ytreøstfoldsk har diftongane blitt forenkla, og her blir dei nemnde orda uttalt ben, sten, fet,n, rese, kLøve, løse, støt og bLøt, høk, løs og så bortetter. Diftongforenklinga i Sør-Østfold heng dialektgeografisk saman med det dei svenske målområdet på andre sida av grensa, som heller ikkje har diftongar i desse orda.
Kilde: Store Norske Leksikon
Festivalsjefens bemerkning:
Langs Iddefjorden kom det mange svenske «stenhuggare» og mange nordmenn jobbet til tider på svensk side, alt etter hvor det var mest behov og best betingelser. Etter en stund utviklet det seg en egen dialekt langs fjorden, som var en blanding av svensk og norsk. derfor kan det hende at på den tiden var «stenhuggare» det riktige ordet.
Emil Frisk spiller svensk stenhuggare i teaterstykket «Parat». Det passer jo bra, siden han er en svenske som til daglig jobbpendler til Halden.